Much Ado About Nothing - Filmdagbok

Much Ado About Nothing 2012

Eg har sansen for mykje av det Joss Whedon står bak, men ikkje alt. Og Much Ado About Nothing er blant ikkje alt.

Filmen er basert på teaterstykket Much Ado About Nothing av William Shakespeare, gjort som ein moderne variant. Joss Whedon ser ut til å ha halde på alt av språk og oppbygging, og stort sett gjort noko ekstra med det visuelle uttrykket.

Problemet er verken at språket er utfordrande eller historia tar enkle og kjappe vendingar, det fungerer i blant. Det er at dette krasjar med det moderne. Eg har ikkje heilt sansen for det her. Det blir delvis feil.