
Mud
Mud handlar om to unge gutar som møter ein mann på rømmen, formar eit vennskap med han og vil hjelpe han å møte att den store kjærleiken hans.
Matthew McConaughey er mannen på flukt og Reese Witherspoon er den store kjærleiken. Men dei mest imponerande prestasjonane er det unge Tye Sheridan og Jacob Lofland som står for. Ettersom Mud framstår som ein lågmælt film, er skiten i uttrykket og går for ei form for realisme, er det ukjente ansikt og gode skodespelarar som Tye Sheridan og Jacob Lofland som passar best inn. Matthew McConaughey har gjort bra roller i bra filmar dei siste åra, og er det også i Mud. Men han hamnar i lag med Reese Witherspoon i roller som hamnar litt på sida av dei beste sidene til Mud.
Jim Batts på We Are Movie Geeks (wearemoviegeeks.com) meiner også filmen først og fremst kviler på Tye Sheridan og Jacob Lofland. Gjennom gutane blir møtet med vaksne kjærleiksforhold både eit eventyr og ei vond oppdaging. Han blir langt meir gripen av heilskapen enn eg, men me er samde om kor viktige dei unge er. Det er dei som gir det skitne og lågmælte miljøet eit truverdig sentrum.
Som ein oppvekstfilm er dette passe bra. Det er alvorleg, truverdig på sitt vis, og passe eventyrleg. Filmen brukar litt for lang tid på å komme i gang, og drar ut innimellom. Men med nokon gode poeng, dramatikk og alvor så leverer han nok til at eg totalt sett lar meg underhalda. Om eg ikkje lar meg rive med, så er det eit par dramatiske scener som eg kan engasjere meg for.
I det store og heile hamnar Mud i ei gruppering av gode filmar, men det er ingenting spesielt ved han. Kanskje bortsett frå at filmen har eit særprega uttrykk som eg nok vil hugse han for, visuelt og miljøet.
