
Mujeres al borde de un ataque de nervios
Eg veit ikkje heilt kva eg forventa av Mujeres al borde de un ataque de nervios. Pedro Almodóvar si komedie frå 1988 er visuelt slåande. Bilete har sterke fargar. Miljøet vekslar mellom autentiske Madrid-gater og openberre kulisser. Filmen gjer ikkje eingong eit forsøk på å skjule at delar av det me ser er som eit teater. Det fungerer.
Fargane kan òg lesast som ein del av kjenslene i filmen. Glenn Kirkpatrick på 25 Years Later (25yearslatersite.com) meiner den sterke fargebruken og dei prangande omgjevnadene gir form til kvinnene sitt kjenslemessige kaos. Han finn meir i farsen enn eg gjer, men dette perspektivet utdjupar noko av det eg faktisk likar, eit uttrykk som ikkje prøver å dempe seg.
Pepa (Carmen Maura) er ei stemmedubbar som blir forlaten av kjærasten sin gjennom ein melding på telefonsvararen. Det som følger er eit par døgn der livet hennar blir stadig meir kaotisk. Veninner dukkar opp, tidlegare elskarinner av eks-kjærasten bankar på døra, leiligheita hennar blir ein stad der desperate kvinner og tilfeldige gjester kjem innom. Og samtidig kjem nye meldingar inn på telefonsvararen. Handlinga er enkel, men oppbygginga er hektisk og full av små sidespor.
Filmen er ujamn. Når det glimtar til er han faktisk morsom. Nokre scener har god timing. Nokre replikkvekslingar sit. Og det heile er litt absurd. Men mellom dei gode stundene går det trått. Filmen bruker tid på å komme seg vidare, og sjølv om den berre er 90 minuttar så kjedar eg meg.
Eg set pris på at filmen ikkje prøver å vere noko anna enn det den er. Han legg ikkje skjul på kulissane, fargevala er sterke, og humoren er tilsikta. Men resultatet er ein film som ser betre ut enn han eigentleg er. Eg hadde ei god oppleving visuelt, og eg lo nokre gonger, men eg sit ikkje att med så mykje meir enn det.
