Nyinnspelinga og live action-versjonen av teiknefilmen Mulan var ein av dei store Disney-filmane å sjå fram til i 2020. Etter lengre tid med utsetjing, fekk filmen premiere mot slutten av året. Og når det skjedde, møtte filmen visstnok ein del kritikk. Kritikk som eg med vilje ikkje har brydd meg nok om til å lese. Har eg først tenkt til å sjå ein film, så treng eg ikkje vite så mykje om meiningane til andre i forkant. I ettertid har eg heller ikkje sett stort behov for å utforske dette, men den svake rangeringa IMDb-brukarane har bidratt til har eg fått med meg. Og her stiller eg meg godt unna snittet.
For meg så var Mulan ein spennande og tøff film som eg hadde stor glede av. Det er ikkje så altfor lenge sidan eg eg såg teiknefilmen Mulan, og eg har ingen problem med å ta dette som to filmar med forskjellige val kva gjeld forløpet til forteljinga.
Eg kan også setje pris på kampsporten og krigsscenene her. Og eg ser tydeleg inspirasjon frå nyare asiatisk kampsportfilm frå 2000-talet og utover. Det er ein type film eg ikkje har sett for mykje av dei aller siste åra, men var interessert i tidleg på 2000-talet. Så det er kjekt å sjå veletablerte skodespelarar som Donnie Yen og Jet Li i same film. Både her og på eit kjenslemessig plan leverer filmen. Eg får tak på drivkrafta til karakteren Mulan frå tidleg av, og kan leve meg inn i eventyret ho legg ut på.
Mulan er ei anbefaling frå meg. Det er ei god film uavhengig av nytolkingsstatus eller Disney-tilknytting, som byr på det meste ein kan forvente frå ein hovudstraumsfilm.