Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mulholland Drive (2001)

Mulholland Drive

Film
3

Ei forførande opning opnar for eit mysterie som skal utfalde seg. Me møter Betty som er full av optimisme. Og Rita som har mista minnet etter ein ulykke. Dei to blir dratt inn i eit nett av underlege episodar. Små hint verkar å peike mot ei løysing, men dreg heller alt i fleire retningar.

Filmen har ei roleg oppbygging. Musikk og bilete bidreg til ei uroande stemning. Slik David Lynch er god på. Naomi Watts imponerer. Men det som byrjar som eit relativt samanhengande mysterie, blir berre meir og meir draumeaktig. Det er som om filmen med vilje riv gjer det slik, for at me ikkje skal bli for komfortable med det me trur me har forstått.

Eg sit att med ei kjensle av å ha sett noko som både er fint med og litt forvirrande Det finst mange gode scener i seg sjølv. Men heilskapen blir meir som eit uferdig puslespel, og eg er ikkje heilt ombord med ette. Kanskje er det dette David Lynch ønsker. For min del er eg usikker på om det er nok til å gjere dette til ei verkeleg stor oppleving.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner filmen verkar på kjenslene som musikk, og at det ikkje er meininga at alle scenene skal danne ei logisk forklaring. Han finn nettopp draumeforma oppslukande. Det er ein annan måte å møte puslespelet på enn den eg klarer å slå meg til ro med. Eg likar mange av delane og stemninga mellom dei, men kjenner framleis behov for at heilskapen skal gi meg noko meir enn fascinasjon og uvisse.