
Murder Mystery
Solid film utan store overraskingar. Dei som forventa ein typisk Adam Sandler-komedie vil nok bli skuffa. Men for min del så gledde det meg. Eg er ikkje så stor fan av dei filmane han spelar i som er fulle av respektlaus humor.
Filmen prøver seg på klassisk krim som ei Agatha Christie-aktig historie. Men så klarar ikkje skaparane til filmen å bestemme seg for om dei vil vere alvorleg omkring kven som har utført eit drap, eller om dei vil lage ein parodi. Filmen lykkast difor berre halvveges på begge desse to områda, heller enn å lykkast heilt på ein av dei.
Brian Tallerico på RogerEbert.com (rogerebert.com) finn ein naturleg kjemi mellom Adam Sandler og Jennifer Aniston. Han synest likevel at verken mysteriet eller komedien blir meir enn tilfredsstillande. Det ligg nær det eg sit igjen med. Filmen er grei underhaldning, men blandinga gir ikkje full utteljing på nokon av sidene.
