My Boss's Daughter - Filmdagbok

My Boss's Daughter 2003

Du kan gjere betre enn dette, Ashton Kutcher, mykje betre.

Ei heller tam historie der eit fåtal morosame episodar reddar filmen frå total undergang. Og så dukkar Michael Madsen opp, han kan jo vere rå, og det er han her òg. Halvveges inn i filmen var eg derimot i ferd med å trykke stopp i ei typisk flyplass og kyssing i siste liten-scene, og eg angrar på at eg ikkje gjorde det.