
My Cousin Vinny
Joe Pesci dukkar opp som fetteren med jusutdanning når Willy (Ralph Macchio) med kamerat vert arrestert for overlagt drap i Alabama. Eit drap dei ikkje er skuldige i. Advokatkostnadar er gjerne høge, og Vinny trår til gratis. Men fyren har brukt seks år på å fullføre eksamen og har inga tidlegare rettserfaring.
Med seg har Vinny sin trulova, Liz (Marisa Tomei), som verken ser eller høyrest spesielt smart ut. Så trår dama til med imponerande og munnrappe ordfrasar etter kvart, som er ein fryd å høyre på. Ikkje den typen rolle eg forbind med Oscar-nominasjonar, men bra.
Sjølve rettssaka filmen bygg seg rundt er nok eit døme på at manusforfattarane har gjeve blanke i truverd. Underhaldningsverdien er likevel ikkje noko å klage på, Joe Pesci som eg vanlegvis har problem med å tåle er ikkje spesielt irriterande. Marisa Tomei er ein fryd å sjå på. To timar går fort unna.
Kjemien mellom Joe Pesci og Marisa Tomei får mykje av æra hjå Ethan Lamb på Popcorn Not Included (popcornnotincludedcommunity.blogspot.com). Han meiner samspelet deira held komikken i gang og gjer kranglinga til noko meir enn ei rekke einskildvitsar. Det er lett å sjå korleis det bidreg til at tida går fort. Når replikkane treff og begge har nokon å spele mot, blir det mindre viktig for underhaldninga kor truverdig rettssaka verkar.
