My Neighbor Totoro - Filmdagbok

My Neighbor Totoro 1988

Ein stor bamse, ein liten bamse og ein endå mindre bamse. Naboane som familien Kusakabe får når dei flytter inn i eit gammalt hus på landet er nokon merkverdige skapningar, men sjarmerande og koselege. Dessutan er det berre døtrene Mei og Satsuki som kan sjå dei.

Studio Ghibli har gitt oss mange gode filmar gjennom åra. Ikkje alle har slått an for min del. Tonari no Totoro var blant det betre. Eg kan sjå at han fungerer som barnefilm ved sidan av å ha eit seriøst tema som helst vaksne vil fatte.

Animasjonane er briljante og detaljane kan nok mette sjåargleda endå fleire gonger. På grunn av ei stadig forflytting i handlinga gjer det ingenting at det tekniske ikkje er av dagens høgare standard, det kjem stadig nye inntrykk å halde styr på.

Oppbygginga er på sett og vis enkel. Fru Kusakabe er på sjukehuset, så herr Kusakabe og døtrer må styre med seg sjølv. Filmen handlar mest omkring døtrene sin måte å takle fråværet til mora på. I denne tida møter dei den store bamsen Totoro som bur i skogen like ved. Om Totoro er eit resultat av trongen til å fortrenge verkelegheita innimellom er ikkje lett å sei. Som i andre Studio Ghibli-produksjonar verkar det overnaturlege så mykje inn på handlinga at det blir problematisk å sjå på Totoro som eit oppdikta innslag.

Filmen heiter My Neighbor Totoro på engelsk.