
My Norwegian Holiday
For fleire år sidan var Filmdagboks førjulskalender ei greie på denne nettstaden. 24 julefilmar blei sett om lag annakvart år. Og med ei slik mengde såg eg det meste av det gode, og enda opp med dårlegare filmar etter nokre rundar.
Dei to siste gongene var det mange Hallmark-filmar som blei sett, og etter det har eg ikkje sett meg tilbake. Før eg no enda opp med å sjå My Norwegian Holiday.
Med denne tittelen på ein amerikansk film, kunne eg ikkje la vere å nytte sjansen til å sjå han. Og at det var ein Hallmark-produksjon i tillegg blei berre ein bonus.
Hallmark betyr klisjear, ei føreseieleg handling og lågare budsjett. Stort sett ein middelmåtig film. Men som gjerne kan ha ein flink skodespelar eller to, og elles er hyggeleg.
My Norwegian Holiday handlar om ein norsk mann i USA, som skal heim til Noreg for å feire jul. Han heiter Henrik, og er spela av nederlandske David Elsendoorn. Omstende rundt ein billett skal ha det til at han får med seg ei ukjent amerikansk dame til Bergen til jul.
Og det med at nordmannen ikkje er spela av ein norsk skodespelar, seier noko om inntrykket mitt av filmen. Eg ser forsøket, men opplever det ikkje som autentisk.
Andre innslag verdt å nemne er at fleire scener er spelt inn i Bergen, utruleg nok. Ikkje berre blåskjerm her altså. Og at presentasjonen av norske skikker og måtar å oppføre seg på er både gode og morosame, stort sett.
Bergen og familietradisjonane er òg blant høgdepunkta for Caroline Kaiser på Comfy Cozy TV (comfycozytv.com). Ho er langt meir begeistra for filmen som heilskap, og opplever både Henrik og historia om den tapte kjærleiken som varme og rørande. Det er morosamt å sjå kor godt den norske ramma fungerer for ein annan sjåar. For meg er ho òg mykje av grunnen til å halde fram, sjølv om eg er mindre overtydd av resten.
Eg set spørsmålsteikn ved nokre skikker som shotting av julebrus og tradisjonen med å fri på nytt til brura same dagen som giftarmålet skal skje. Men det er berre moro.
Hadde det ikkje vore for den norske koblinga, så hadde My Norwegian Holiday vore verre enn ein middelmåtig film. Det grensar i blant til det kjedelege, men klisjeane og den kreative avgrensingane budsjettet set i tillegg er også artige.
