Hopp til hovedinnhold
Plakat for My Oxford Year (2025)

My Oxford Year

Film
2

Har du tenkt å sjå My Oxford Year, og vil ikkje vite for mykje om kva som skjer i filmen, så bør du slutte å lese.

Eg trudde at My Oxford Year skulle vere ein enkel og hyggeleg film. Men han tek ei vending i midten, som gjer det til ein annan film enn eg både forventa og håpa på. Eg blei brått overraska, så det skal filmen ha. Han tok meg på senga.

Men så var det kanskje noko med byrjinga av filmen også. Eg sakna kjemi blant dei to sentrale karakterane. Dette var nok med på å gi meg inntrykket at ting skjedde så fort og utan motstand. Men eg trur også filmen ikkje fekk til å bygge grunnlaget for overraskinga godt nok.

Det svake grunnlaget for forholdet blir òg trekt fram av Ashley Hajimirsadeghi (ashleyhajimirsadeghi.com). Ho opplever historia som velkjend og får ikkje nok kontakt med karakterane utover romantikken og tragedien. Det passar med mi eiga kjensle av at filmen ikkje bygger opp forholdet godt nok. Når kjemien manglar, får heller ikkje vendinga den tyngda ho kunne hatt.

Så totalt sett var ikkje dette noko for meg.