
My Super Ex-Girlfriend
Filmen kunne lett ha droppa superstyrketemaet og gjort det betre. Gjort karakteren Jenny Johnson spelt av Uma Thurman til ei eks-wrestlerstjerne og karakteren Professor Bedlam spelt av Eddie Izzard til ein typisk ungdomskjærleik.
Lydsporet kunne ha blitt oppdatert til noko nytt og originalt i staden for denne filmmusikkblandinga mellom ein klassisk romantisk komedie og superheltefilm.
Vaughn Haige (Rainn Wilson) kunne fått meir plass i filmen som hjelparen til Matt Saunders (Luke Wilson) i Dwight Schrute-stil frå The Office. Eg ser ingen problem med likskapane mellom karakterane Haige og Schrute.
Dialogane treng solid overhaling og er platt og uinteressant babbel. Luke Wilson sin typiske slappe rollefigur er ikkje spesielt spennande å følge med på her heller.
Filmen fungerer i nødstilfelle og har eit par litt morosame augneblinkar som gjer at dette ikkje blir totalt bortkasta tid, men kunne lett ha utelukka spesialeffektar og finpussa stereotypane.