Mystery Men handlar om ei gruppe superheltar som høgst diskutabelt kan seiast å ha superkrefter. Om dei er supre eller heltar kan diskuterast, men dei prøver. Men byen har ein profesjonell superhelt som dei hamnar fullstendig i skuggen til. Ein som slit med at byen har for lite kriminalitet, så han ønsker at ein tidlegare nemesis skal sleppe ut av fengselet.
Det er når den profesjonelle helten som er Captain Amazing (Greg Kinnear) blir fanga av nemesisen, at våre amatørheltar har sjansen til å gjere seg notert.
Mystery Men er tåpeleg både i uttrykk og handling, og det er ikkje ein god form for tåpeleg. Det er lite som er morosamt, og ingenting som er spennande. Vitsane er tamme, og forsøket på å vere tullete blir berre ei overflatisk greie som berre er komisk innleiingsvis.
Ein annan måte å sei det på er at filmen utelukkande har det overflatisk ved seg, og ingen djupne verken i historie eller karakterar. Og at filmen sånn sett gjer ein grei jobb i å sjå ut som ein parodisk superheltefilm, men der stilen til vitsane ikkje er artige eller har tålt tida.