Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mystic River (2003)

Mystic River

Film
3

Forstyrra vaksne prega av ein hard barndom med pedofili og andre grufulle saker verka å vere den perfekte oppskrifta for eit drama. Kevin Bacon har spelt i to utanom denne som eg kan komme på, Sleepers og The Woodsman. Her har han følge med Tim Robbins og Sean Penn mellom anna. Og når filmen i tillegg er regissert av Clint Eastwood er han på god veg.

Eg har ingenting å utsette på denne, for det var ein absolutt god film. Litt lang gjorde han vanskeleg å hente fram frå filmbunken, men som lang film er det ein god film. Han kjennest godt samansett, og trekk ikkje ned på nokon spesielle område.

Den gode samanhengen er nettopp det Matt Wedge på Obsessive Movie Nerd (obsessivemovienerd.com) ikkje finn her. Han meiner fleire prestasjonar blir for store og vendingane for tydeleg varsla, men trekker fram Tim Robbins som eit sterkt unntak. Det er ein langt strengare dom enn min. Eg opplever filmen som godt samansett, og det tunge dramaet held godt nok gjennom den lange speletida til at overdrivingane ikkje blir noko problem.