Mystic River - Filmdagbok

Mystic River 2003

Forstyrra vaksne prega av ein hard barndom med pedofili og andre grufulle saker verka å vere den perfekte oppskrifta for eit drama. Kevin Bacon har spelt i to utanom denne som eg kan komme på, Sleepers og The Woodsman. Her har han følge med Tim Robbins og Sean Penn mellom anna. Og når filmen i tillegg er regissert av Clint Eastwood er han på god veg.

Eg har ingenting å utsette på denne, for det var ein absolutt god film. Litt lang gjorde han vanskeleg å hente fram frå filmbunken, men som lang film er det ein god film. Han kjennest godt samansett, og trekk ikkje ned på nokon spesielle område.