Nacho Libre - Filmdagbok

Nacho Libre 2006

Eg er stor fan av mykje Jack Black er i. Likevel om filmar som Envy og King Kong har skuffa, så har eg framleis stor respekt for mannen. Nacho Libre er i så måte ein av dei betre filmane med han i.

Jared Hess, mannen bak Napoleon Dynamite, står bak Nacho Libre. Ser du godt etter, eller berre etter i heile tatt, vil du legge merke til at det er litt av same type humor. Men Nacho Libre er nok meir hovudstraum enn Napoleon Dynamite, utan tvil. Berre det å bruke Jack Black er eit godt trekk i seg sjølv. Når han attpåtil syng fleire songar så blir eg frelst.

For dei som har sett filmtraileren, så kan det seiast om filmen at han har eit lite hakk meir alvor i seg enn filmtraileren. Det er meir enn morosame setningsvitsar og hard slåsting som ligg til grunn for denne filmen. Det går ikkje ut over at filmen er ein god komedie, så det gjer berre at han får ei aning djupne.

Nacho Libre noterer seg fordi det var akkurat min type humor.