Med ei speltid på eit minutt er Nain et géant av Georges Méliès ikkje meir enn ein kort demonstrasjon av spesialeffekten splitscreen.
Ein tryllekunstnar kjem inn i bildet, deler seg i to. Så forstørrar den eine av dei to figurane seg. Det er denne kortfilmen oppsummert. Det er ikkje noko meir handling.
Det er litt artig å sjå ein tidleg versjon av denne effekten som har blitt brukt i ganske mange tiår etterpå. Men utover å vere eit historisk tilbakeblikk, så gir ikkje denne filmen noko meir utbytte for min del.
Engelsk tittel er The Dwarf and the Giant.