
Naissance des pieuvres
I denne franske oppvekstfilmen møter me 15-åringen Marie. Marie har vorte interessert i Floriane, kapteinen på synkronsymjelaget. Ho gjer alt for å verte venninne med Floriane, men har det vanskelegare å uttrykke kjenslene sine forbi eit platonisk vennskap.
Naissance des pieuvres er den typen film der lite i grunn skjer. Me følger Marie, Floriane og ein tredje tenåring, Anne, venninna til Marie. Det er ungdom og kjærleik, fortviling og spenning. Naissance des pieuvres gjer ikkje ei stor greie ut av legninga til Marie. Floriane som svevar på ei sky av popularitet er ho som er vanskeleg å definere, og som vert den meste interessante karakteren.
Det er spenninga som held filmen gåande. Både mellom Marie og Floriane og den generelle spenninga i å vente på konsekvensane av tinga ungdommane finn på. Utover dette er ikkje Naissance des pieuvres, eller Water Lilies, meir enn det som kallast grei tidtrøyte.
Blikk og små rørsler ber mykje av forteljinga, slik omtalen på The CineFiles (cinefilestv.blogspot.com) peikar på. Skribenten framhevar kjenslene som blir formidla utan mykje dialog, men legg òg merke til at me ikkje kjem særleg langt inn i bakgrunnen til jentene. Det er lett å kjenne att begge delar. Spenninga mellom dei fungerer, sjølv om filmen ikkje gav meg like mykje utover den som omtalen gir uttrykk for.
