Eg hadde håpt at ved å gå tilbake 20 år og sjå en av dei tidlegare National Lampoon-filmane, så ville eg få litt meir kvalitet. Slik gjekk det ikkje. National Lampoon's European Vacation er av dei meir kjedelege blant Vacation-filmane eg har sett. Naturlegvis burde eg ha starta med National Lampoon's Vacation, men det er eingong slik at du ser det du har anledning til.
For dei som er kjent med National Lampoon's Vacation eller National Lampoon's Christmas Vacation, så handlar også National Lampoon's European Vacation om familien Griswold på tur. Denne gongen har dei vunne ei reise til London, Paris, ein plass i Tyskland og Roma. I to veker skal dei farte rundt blant ny kultur og ukjente språk.
Humoren er litt i same retning som nyare National Lampoon-filmar, med rot og tull, krydra med topplause damer og litt fyll. Men det er trass i alt ein familie på tur, så det blir ikkje så vilt som i Van Wilder eller Dorm Daze 2, og difor litt kjedeleg. I desse filmane er det mest den rå humoren som trekk opp. National Lampoon's European Vacation legg seg litt for nært familiefilmsjangeren. Når han kom i 1985 vart han Rated PG-13, men ville med sin nakenheit og bannskap blitt Rated R i dag.
Noko her er sjølvsagt litt artig, som å sjå Mel Smith frå Rocking Around the Christmas Tree-musikkvideoen spele feit og lat motelltilsett. Høyre ein fransk kelner snakke drit om familien Griswold, og nokon få andre småting. Det meste blir for enkelt og banalt, og Chevy Chase er ikkje spesielt morosam her, heller slitsam. Eg må få sett National Lampoon's Vacation eller National Lampoon's Christmas Vacation, i håp om at dei vil vege opp for denne.