Ein mann livnærer seg ved å reise rundt og lese opp nyheiter frå aviser. På veg frå ein stad til ein annan, kjem han over ei forlatt ung jente. Han tek ho med seg til neste by for å overlevere ho til myndigheitene.
Utan å røpe for mykje om vidare handling så kan eg sei at mannen dreg vidare med den unge jenta, og at filmen i størst grad skildrar ei reise gjennom det ville vesten.
News of the World er ein ny western som landa på Netflix. Tom Hanks spelar hovudrolla, og har med seg den tyske barneskodespelaren Helena Zengel.
Filmen er ein god western, som spelar på mange kjente grep som ein western-interessert som meg har sett mange gonger før. Samtidig er det eit vellaga og moderne drama som fungerer godt som ein periodefilm også.
Tida filmen er sett til set sit preg på historien, og dette er noko som er med på å gjere rammene vel så interessante som den uvisse framtida karakterane går i møte med.
Med The Dig tidlegare i år, og no News of the World, så har Netflix-filmar stige litt i gradene for min del. Med gode drama som verken verkar billege eller er kjedelege.