
Night at the Museum: Battle of the Smithsonian
Sjølv om eg ikkje likte Night at the Museum frå 2006 spesielt godt, så er eg fan av Ben Stiller. Dette var nok til at eg omsider såg denne oppfølgaren.
I Night at the Museum: Battle of the Smithsonian er han og eit par andre kjente karakterar frå første film tilbake, inkludert cowboyen Jedediah spelt av Owen Wilson.
Det blir nok ei natt med sprø hendingar i museumssamanheng. Handlinga blir lagt til det omfattande lageret og det nasjonale museet i USA som er Smithsonian.
Eg må vel innrømme at dette er like lite engasjerande som den første filmen. Målgruppa er nok ikkje kresne personar som meg, som tykker at bruken av historiske personar i ei komisk blanding er litt teit. Eg har sett nok av det til å vere lei konseptet.
Eit større museum gir meir moro på (A Nutshell) Review (anutshellreview.blogspot.com). Omtalen var heller ikkje særleg nøgd med den første filmen, men meiner oppfølgaren vinn på fleire figurar og god komisk timing mellom Ben Stiller og Hank Azaria. Der skil opplevingane våre lag. Eg ser at blandinga gir fleire høve til gags, men sjølve konseptet er såpass oppbrukt for meg at eit større leikeområde ikkje gjer meg meir engasjert.
