Night Watch - Filmdagbok

Night Watch 2004

Eg kan skjønne at dette vil appellerere til enkelte personar med si mørke historie og fiffige effektar, men eg klarte ikkje heilt å følge handlinga. Og dei fiffige effektane i ein slik samanheng gav meg inga spesiell glede.

At det er ein russisk film ser eg ikkje som noko problem eller pluss. Dette kunne ha vore japansk, indisk eller amerikansk utan å ha gjort saka betre.

Tøff musikk, vampyrar, ei historie med grunnlag i middelaldersk kamp mellom det gode og vonde, mørkt blod og ein spesiell type folk med spesielle evner er ingrediensane til filmen. Høyres dette bra ut så er det kanskje verdt å sjekke ut filmen. Eg hadde håpt at han skulle vere meir original enn som så, og vart difor skuffa.

Filmen heiter Night Watch på engelsk.