Nights in Rodanthe - Filmdagbok

Nights in Rodanthe 2008

På ei øy ved kysten i North Carolina ligg det eit pensjonat på stranda. I samband med at eigaren er bortreist, passar Adrienne på. Ho har to barn som for ein kortare periode er hjå eks-mannen.

I perioden Adrienne passar på pensjonatet er det berre ein gjest som skal vere der, Paul. Han har eit ærend i område, og er sidan på veg til å besøke sonen som har stukke av til Sør-Amerika.

Dette er ramma for historia som utfoldar seg i Nights in Rodanthe, med Diane Lane og Richard Gere. Filmen er ein adapsjon av romanen til Nicholas Sparks med same namn. Adrienne strir med dilemmaet om ho skal gå tilbake til sin tidlegare utru mann. Paul har eit anstrengt forhold til sonen og kommuniserer heller ikkje så godt.

Nights in Rodanthe er ein romantisk film om møte mellom desse to personane, og korleis dei påverkar kvarandre for det betre. Først og fremst er dette en fin film, og kjemien på skjermen mellom Diane Lane og Richard Gere er upåklageleg. Eg får ikkje inntrykk av at det skjer så mykje, men tida flyg og det er god stemning. Mi einaste innvending er at eg tykkjer at slutten er for rask, at det ikkje blir tid nok til å fordøye hendingane og at dei dermed ikkje får full effekt. Det er som om den gode rytmen kjem ut av takt.

Utover dette er Nights in Rodanthe ei ukomplisert og føreseieleg sak som gjer nytten som romantisk drama og tragedie godt.