Hopp til hovedinnhold
Plakat for Nimic (2020)

Nimic

Film
3

Nimic er ein kortfilm av Yorgos Lanthimos. Matt Dillon i hovudrolla spelar ein karakter med ein viss distanse til familien sin, som etter kvart opplever å bli utfasa til fordel for ein ny person.

Regissøren Yorgos Lanthimos har ein særprega stil. Både visuelt og med tanke på musikken som blir brukt utmerkar han seg. Denne filmen er ein slik kombinasjon at han nesten blir som kunstfilm å rekne.

Filmen har ei god historie. Kva er poenget? Det er opent for tolking og eg har ikkje landa noko der. Eg likar korleis regisssøren kan by på så mykje kreativitet som han gjer.

Forma gir i alle fall nokre haldepunkt. Laurie’s Film Blog (film818593213.wordpress.com) framhevar korleis dei same bileta og stadene blir gjentekne med ein ny person i den gamle si rolle. Omtalen les slutten som starten på ein ny runde med etterlikning. Det er ei interessant tolking av det eg opplever som ope. Dei gjenkjennelege omgjevnadene gjer utskiftinga meir urovekkande enn ei forklaring ville gjort.