
Nine to Five
Ei kvinne byrja i ny jobb på eit kontor. Sjefen på kontoret er ein udugeleg kar. To andre kvinner har sitt å stri med på grunn av han. Ei får aldri ei høgare stilling ho har gjort seg fortent til. Ei anna blir spreidd løgner om. Etter kvart får den nye kvinna grunn til å mislike sjefen òg.
Det byrjar bra. Her er det nokre gode poeng, og humoren blir ikkje hamra inn. Jane Fonda, Lily Tomlin og Dolly Parton er ein god trio. Sjølv om sistnemnde ikkje akkurat imponerer som skodespelar.
Etter kvart tykker eg at handlinga blir litt vel dryg. Det er unødvendig overdrive det som skjer, og difor mistar eg sympatien for dei urettferdig handsama karakterane. Overdrivinga byr heller ikkje på så mykje god komedie.
Overgangen til farse blir faktisk forsvart på The Retro Rocket (theretrorocket.blogspot.com). Chris Collins meiner filmen held fast ved temaet sitt når kvinnene får høve til å endre arbeidsplassen medan sjefen er halden borte. Han finn difor ikkje det same brotet i tonen som mange kritikarar har reagert på. Eg forstår samanhengen, men for meg blir dei overdrevne hendingane likevel ei hindring for både sympatien og latteren.
Så det som byrja bra, flatar ut i lite, forutan eit par morosame augeblikk eller poeng innimellom. Det er Nine to Five kort oppsummert.
