No Looking Back er eit småbydrama, skrive og regissert av Edward Burns. Han har sidan 1990-talet gjort det til sitt varemerke å lage dramakomediar, med romantikk og ikkje minst seg sjølv i ei større rolle.
Claudia (Lauren Holly) har budd heile livet sitt i ein liten hamneby, og hatt dei same vennene. Når ein tidlegare kjæraste (Edward Burns) dukkar opp igjen, blir situasjonen snudd opp ned for Claudia. Deira forhold enda ikkje godt, og ho har sidan den gang blitt trulova med ein tidlegare bestevenn av ekskjærasten.
Filmen er strengt tatt lite minneverdig, og rører ikkje ved særleg store eller engasjerande tema. På karakterane treff filmen greit, men ikkje blink. I dette legg eg at du blir godt kjent med folk og deira ambisjonar, mangel på ambisjonar og andre haldningar, men at dei i seg sjølv ikkje er dei mest interessante.
Blant det mest minneverdige er nok Jon Bon Jovi i ei større rolle som den trulova til Claudia. Han leverer ikkje akkurat ein legendarisk prestasjon, men er eit element som skil filmen ut i mengda.
No Looking Back er eit kurant småbydrama, og er god som del av filmografien til Edward Burns. Bruken hans av plasseringar, folk og tematikk. Isolert sett er det ein gjennomsnittleg film.