Nobody Knows - Filmdagbok

Nobody Knows 2004

Ingen idyllisk film dette her. Fire søsken blir etterlatne av mora i ei leilegheit i Tokyo når ho finn seg jobb i Osaka. Eldste ungen er 12 år, og har ansvaret for å passe på dei yngre. Ingen av dei går på skule, og alle har ulik far.

Filmen startar ikkje så dumt, han er litt fin i starten, litt spesiell og kjekk på ein gong. Når mora forlet ungane i starten går det ikkje så verst, men etter kvart byrjar både lommepengane og busituasjonen å skrante. Det er her filmen viser sin styrke, han er veldig nærgåande og eg blir meir og meir oppgitt etter kvart. Heile historia trykker med sin tyngde på skuldrene til sjåaren, og fattigdom i andre filmar berre gøy i forhold.

Med sine to timar og 20 minuttar er det ikkje til å unngå at eg kan bli litt utålmodig dette. Tempoet er veldig seint, og lyspunkta blir færre og færre. Men på denne tida klarer han å krype under huda og legge seg der, eg må innrømme at litt av den normale daglege gleda mi forsvann etter å ha sett denne filmen. Det blir ikkje akkurat underhaldning dette her, men ein film til ettertanke, og på det viset står han med glans.

Filmen er forøvrig også kjent som Nobody Knows på engelsk.