
Nobody Walks
John Krasinski og Olivia Thirlby møtes i denne filmen gjennom eit lydprosjekt. Jobbforholdet utviklar seg til ein kortvarig affære.
Nobody Walks handlar om lite. Det skjer berre det som blir skrive over. Det meste av resten av filmen handlar berre om stemninga til filmen. Ei stund er det forlokkande, i lengda er det kjedeleg og middelmåtig.
Sophie Blum på Film Comment (filmcomment.com) finn også ei forførande spenning i lydstudioet, men sit igjen med ei verd som verkar fjern og kjenslemessig avstengd. Den første tiltrekkinga blir ikkje til noko som fyller filmen. Det er mykje av den same tomleiken eg kjenner. Stemninga held ei stund, men eg skulle gjerne fått meir å forstå av kvinna som set alt i rørsle.
Olivia Thirlby er lyspunktet i filmen i ei rolle som me berre får eit lite innblikk i. Men som eg ville ha sett meir til. Me får ikkje vite kva som driv ho eller kven ho er. Verken John Krasinski eller Rosemarie DeWitt byr på karakterar av same interesse.
