Hopp til hovedinnhold
Plakat for Noelle (2019)

Noelle

Film
2

I følge Noelle så har julenissen ein son og ei dotter. I det julenissen dør, så er det sonen som skal ta over jobben som den nye julenissen. Men sonen vegrar seg, og stikk av. Dottera blir verande igjen, og blir også utpeika som syndebukken i forsvinninga. Så ho må ut på leit etter han.

Noelle er namnet på dottera til julenissen. Nick er sonen. Forsvinninga til Nick tar Noelle til Phoenix. Ein varm stad utan snø, som er i skarp kontrast til den snøfylte nisselandsbyen på Nordpolen som filmen vekslar tilbake til.

Det er ikkje stort å skryte av her. Filmen har ein del artige idear i blant, og byr på både smakfull og mindre smakfull humor. Men i store trekk er det ikkje mykje ved filmen som gjer meg interessert i verken karakterane eller det å skulle redde jula. Som betyr å få tilbake Nick til å bli julenisse. I hans fråver er den neste mannlege arvingen, eit søskenbarn, i ferd med å øydelegge mykje.

Blackguard Media Reviews (blackguardreviews.blogspot.com) meiner også historia er svært føreseieleg, slik at mykje av opplevinga må kvile på humoren og skodespelarane. Skribenten får meir glede av Anna Kendrick enn eg får av filmen som heilskap, og rosar både timinga og dei varme augneblikka hennar. Det viser kor mykje eit slikt juleeventyr treng ein hovudperson som held interessa oppe når me allereie anar kor ferda skal ende.

Noelle blei mest sett fordi det er ein relativt ny og lett tilgjengeleg Disney-film. Fordi filmen ikkje har så mykje meir å skilte med enn det, så trur eg han fort vil gå i gløymeboka. Både mi og andres.