Noelle - Filmdagbok

Noelle 2019

I følge Noelle så har julenissen ein son og ei dotter. I det julenissen dør, så er det sonen som skal ta over jobben som den nye julenissen. Men sonen vegrar seg, og stikk av. Dottera blir verande igjen, og blir også utpeika som syndebukken i forsvinninga. Så ho må ut på leit etter han.

Noelle er namnet på dottera til julenissen. Nick er sonen. Forsvinninga til Nick tar Noelle til Phoenix. Ein varm stad utan snø, som er i skarp kontrast til den snøfylte nisselandsbyen på Nordpolen som filmen vekslar tilbake til.

Det er ikkje stort å skryte av her. Filmen har ein del artige idear i blant, og byr på både smakfull og mindre smakfull humor. Men i store trekk er det ikkje mykje ved filmen som gjer meg interessert i verken karakterane eller det å skulle redde jula. Som betyr å få tilbake Nick til å bli julenisse. I hans fråver er den neste mannlege arvingen, eit søskenbarn, i ferd med å øydelegge mykje.

Noelle blei mest sett fordi det er ein relativt ny og lett tilgjengeleg Disney-film. Fordi filmen ikkje har så mykje meir å skilte med enn det, så trur eg han fort vil gå i gløymeboka. Både mi og andres.