Non-Stop - Filmdagbok

Non-Stop 2014

Det du ser er det du får. Det kan seiast om filmplakaten til Non-Stop, ein film som er omtrent full av action utan pause.

Liam Neeson er i hovudrolla. Han spelar ein flymarshal med ei heimsøkt fortid, alkoholproblem og eigentleg lite sans for å fly. På ein tur må det skje som det pleier i ein actionfilm som føregår på eit fly, eller ein moderne film med Liam Neeson i, at ein situasjon oppstår.

Situasjonen i Non-Stop er eit krav om 100 millionar dollar eller at passasjerar blir drepe ein etter ein. Det einaste som blir klart tidleg er at gjerningsmannen er om bord på flyet.

Om du er kjent med og likar filmar som Taken eller andre relativt lineære spenningsfilmar med Liam Neeson, der ein dramatisk situasjon oppstår og gjerne må bli løyst ved å ty til vald, så er Non-Stop rett film for deg. Eg tykte iallfall at dette var ein sprek, om enn lite oppfinnsam sak. Han går inn for å gjere noko enkelt og spennande, og lykkast i akkurat dette.

Framdrifta er god og eg kjeder meg i grunn aldri. Filmen når eit punkt, legg til noko ekstra, går ei stund igjen, og aukar innsatsen igjen. Og sånn går det. Etter kvart tar det skikkeleg av, og det liknar ikkje realisme, men då har filmen allereie etablert seg som ein dryg og spennande actionfilm, så det fungerer.