
Nordsjøen
Nordsjøen er ein norsk katastrofefilm, kor eit undersjøisk ras i Nordsjøen er utgangspunktet. Om kva som skjer når havbotnen gir etter i området kor dei fleste olje- og gassplattformer ligg.
Det er ein til dels spennande film som brukar knapp tid som eit sentralt verkemiddel. Det er ikkje altfor mykje katastrofeporno, iallfall ikkje så mykje som eg forventa. Og eg forventa ein del.
Tidspresset og dei tronge romma får òg mykje av æra hos Tor Aavatsmark på Lyd & Bilde (lydogbilde.no). Han meiner klaustrofobien er filmens store styrke, sjølv om historia følger ei velkjend oppskrift og karakterane får for lite plass. Det passar godt med mitt inntrykk av noko effektivt og underhaldande, men utan så mange overraskingar.
Resten av filmen leverer vel akkurat som forventa ut frå det vesle eg visste og kunne gjette meg til. Det er fornøyeleg underhalding, men byr ikkje på særleg mat til ettertanke.
