- Filmdagbok

Nordsjøen

Nordsjøen er ein norsk katastrofefilm, kor eit undersjøisk ras i Nordsjøen er utgongspunktet. Om kva som skjer når havbotnen gir etter i området kor dei fleste olje- og gassplattformer ligg.

Det er ein til dels spennande film som brukar knapp tid som eit sentralt verkemiddel. Det er ikkje altfor mykje katastrofeporno, iallfall ikkje så mykje som eg forventa. Og eg forventa ein del.

Resten av filmen leverer vel akkurat som forventa ut frå det vesle eg visste og kunne gjette meg til. Det er fornøyeleg underhalding, men byr ikkje på særleg mat til ettertanke.