Hopp til hovedinnhold
Plakat for Norske byggeklosser (2018)

Norske byggeklosser

Film
4

Norske byggeklosser blei eit tilfeldig val av underhalding på ein laurdagskveld, og er den første filmen på så lenge eg kan hugse at eg har sett på lineær-tv. Dette er ein film som er sterkt inspirert av filmen Norske byggeklosser frå 1972, ein film eg endå har tilgode å sjå.

I hovudrollane som eit ungt par er Ine F. Jansen og Anders Baasmo Christiansen. Dei bur i kjellaren til mora hans, men får sjansen til å flytte ut av eit tilvere med manglande privatliv når ho arvar eit hus på Jessheim. Elles eit oppussingsobjekt. Og det er når oppussinga startar at ting ikkje går som planlagt.

Filmen kan skilte med minst åtte ulike rollatolkingar av Atle Antonsen, og er utover det også ein topp komedie som eg vel å rangere ganske høgt. Han tar situasjonar på kornet, har lett tilgjengeleg humor og byr på gode overraskingar. Eit par stader kan filmen frustrere litt på bakgrunn av idiotisk oppførsel, men han hentar seg fort inn igjen.

Tore Andre Øyås er meir atterhalden på Filmkikk (filmkikk.no). Han finn mykje å humre av, men meiner lite truverdig oppførsel stundom kjem i vegen for humoren. Det er nettopp slike augneblinkar som kan frustrere meg òg. Forskjellen er kanskje kor fort eg kjem over dei. For min del hentar filmen seg inn igjen med nye situasjonar og gode komiske innslag.

Eg gjekk til filmen utan forventingar eller tid til å ha gjort opp nokon tankar om han. Og ut av det kom ei god komisk oppleving, som eg godt kan anbefale vidare.