North by Northwest - Filmdagbok

North by Northwest 1959

Dei gamle filmane på IMDb Top 250 tykkjer for meg å falle inn i ein av to kategorier: Dei verkelege klassikarane som Vertigo og Casablanca, og filmar som hovudsakleg har komme med av nostalgiske årsaker, og ikkje har tålt alderen. North by Northwest fell nok inn i den andre kategorien. Sjølv om det på ingen måte er ein dårleg film, er det er på ingen måte ein ekte klassikar heller.

North by Northwest kan best bli skildra som eit tidleg forsøk på ein actionkomedie. Det er ei fartsfylt, ganske lett historie som går for form framfor innhald. Til det lykkast han. Eg skal ikkje nekta for at det er ein sjarmerande film. Hovudpersonane er gode, dialogen er skarp, vittig og full av minneverdige sitat.

Likevel hadde eg nok forventa meir frå Alfred Hitchcock. For North by Northwest manglar spenning. Sjølv om hovudpersonane blir jaga og sett i tilsynelatande farlege situasjonar, slepp dei alltid enkelt unna og verkar aldri å vere i reell fare.

Handlinga hjelper heller ikkje. Ho har sin del av vendingar, men dei fleste av dei er så føreseielege at du kan få auge på dei frå ei mil unna. Ytterlegare noko som drep spenninga som kunne ha vore der.

North by Northwest er perfekt som ei munter avlasting, men eg har problem med å sjå på dette som den klassikaren det blir sagt å vere.