Med Not Fade Away har David Chase laga eit godt periodedrama utan å måtte ty til autobiografien for å gjere det truverdig.
Filmen kunne ha vore historia om byrjinga til eit kjent band, men det er ingen teikn til at det er opphavet. Store deler av tida er det denne kjensla, sjølv om eg visste om filmen på førehand, som driv det framover.
Det vesle ekstra som gjer han sjåverdig er altså på plass. Drivet i handlinga og skodespelarprestasjonane er det ingenting å utsetje på. Det er berre lengda på filmen og vinglinga etter halvtid som trekk ned.