Nothing Like the Holidays - Filmdagbok

Nothing Like the Holidays 2008

Jesse kjem heim frå Irak, Roxanna frå Los Angeles og Mauricio frå New York for å feire jul med resten av den puerto ricanske familien sin i Chicago. Nothing Like the Holidays er ein tradisjonell julefilm når det kjem til å samlast for å feire i lag med dei næraste, og med problem som følger av eit slikt møte.

Familie, drama og humor. Det er ingenting å utsetje på det her. Temperaturen under taket er høg og diskusjonane ofte glødande, om filmen viser til faktiske puerto ricanske skikkar er eg usikker på, men i tilfelle var det òg litt opplysande.

På skodespelarsida finn me gamle travaren Alfred Molina og Freddy Rodríguez, men det er Luis Guzmán – som alle burde kjenne til no – som får mest ut av karakteren sin og bidrar til dei artigaste scenene.

Nothing Like the Holidays får fint til å bli både ein latino- og julefilm, og blir ekstra artig fordi det er den første filmen av denne blandinga eg har sett. Den største forskjellen i verda er det nok ikkje mellom denne og eit gjennomsnittleg amerikansk familiedrama sett til juletider.