Eg er ikkje så godt kjent med ballettforestillingar, så når NRK viste Nøtteknekkeren - ballett i to akter fra Den Norske Opera & Ballett så var det ei ganske så unik oppleving for min del. Eg har heller aldri fått med meg Nøtteknekkeren i anna enn brotstykkjer, så det å få heile historia var noko eg såg fram til.
Vanlegvis er dette ei forestilling der det er rift om billettane, og som eg sannsynlegvis ikkje hadde fått anledning til å sjå. Men i ein produksjon som var tilrettelagt tv- eller filmformatet så bydde sjansen på seg.
Nøtteknekkeren handlar om ei ung jente som får ein nøtteknekkar i gåve frå ein dokkemakar. Same natta drøymer ho om ei verd der nøtteknekkaren er levande, og der dei må sloss mot ein rottekonge som skal ta dei.
Eg har fått nok med meg opp gjennom tidene til å forstå at Den Norske Opera & Ballett leverer kvalitet i alle ledd. Frå kven som er med i ei forstilling, musikken, kostyma, i grunn alt. Og det var i stor grad heilt topp heile vegen. Også for meg som ikkje kan seiast å ha ballett som ei interesse. Det var nettopp god musikk, god dansing, og generelt sett ei god oppleving. Ei utanom det vanlege, som er med på å lokke meg til å sjå ei forestilling i levande live når sjansen byr seg.