
Nouvelles luttes extravagantes
I denne kortfilmen av Georges Méliès frå 1901, får me servert fleire wrestlingkampar på rekke og rad. Dei er alle prega av komiske spesialeffektar.
I hovudsak er dette ei rekke innslag der regissøren har stoppa filminga, flytta noko ut eller inn av bildet, og starta filminga igjen. Effekten er den at noko brått dukkar opp.
I Nouvelles luttes extravagantes blir denne effekten brukt mykje til å erstatte personar med dukker, som blir rivne sund eller gjorde flate. Filmen har ein ganske valdeleg idé, men resultatet blir mest komisk.
Det finst nokre artige innslag her som gjer at dette går fort unna, og er passe underhaldande. Men ta tida då filmen kom ut med i vurderinga.
Lesaren Redzing på AlloCiné (allocine.fr) meiner den svarte humoren framleis fungerer meir enn hundre år seinare. Det er lett å sjå kva han meiner når kroppane kan bli øydelagde og likevel kome tilbake. For meg er det nettopp det umoglege som gjer valden komisk. Her treng ikkje ein kamp følge andre reglar enn det neste påfunnet til Georges Méliès.
Den engelske tittelen er The Fat and the Lean Wrestling Match.
