Nouvelles luttes extravagantes - Filmdagbok

Nouvelles luttes extravagantes 1900

I denne kortfilmen av Georges Méliès frå 1901, får me servert fleire wrestlingkampar på rekke og rad. Dei er alle prega av komiske spesialeffektar.

I hovudsak er dette ei rekke innslag med kor regissøren har stoppa filminga, flytta noko ut eller inn av bilde, og starta filminga igjen. Effekten er den at noko brått dukkar opp.

I Nouvelles luttes extravagantes blir denne effekten brukt mykje til å erstatte personar med dukker, som blir rivne sund, gjort flate eller andre. Resultatet er ein ganske så valdeleg film, iallfall er ideen han, men som også er mest komisk.

Det finst nokre artige innslag her som gjer at dette går fort unna, og er passe underhaldande. Men ta tida då filmen kom ut med i vurderinga.

Den engelske tittelen er The Fat and the Lean Wrestling Match.