November var den tredje filmen som blei vist på Katakombefilm 2019 (K14). Ein estisk kunst- og eventyrfilm i svart-kvitt, om fattigdom, trolldom og sjukdom.
Det er mange ord som kan bli brukt til å skildre denne varierte filmen og mi oppleving av han. Eg veit at eg er strengt når eg rangerer filmen 2/5, men det handlar om at eg sleit litt med å engasjere meg trass i alt det spesielle som eg opplevde.
I grove trekk er dette ei kjærleikshistorie. Liina (Rea Lest) er glad i Hans (Jörgen Liik), mens Hans er glad i ei anna jente. Rundt desse karakterane har me skildringar av fattigdom og rikdom i eit samfunn for nokre hundre år sidan. Regissøren har også blanda inn ei historie om svartedauen og overnaturlege eigenskapar. Estetikken i filmen kan samanliknast med både grøssar og kunstnarfilm, om kvarandre.
Det er ikkje mykje om å gjere for at eg kunne ha likt November meir. Eit litt anna tempo og tydlegare vist samanheng så hadde eg vore meir med på dette. Eg har ikkje noko i mot filmar som spelar på symbolikk og vage hint, men eg var ikkje heilt med på det når eg såg November. Eg trur det har å gjere med at førre film i Katakombefilm 2019 (K14) var litt langsam mot slutten, og at det smitta over på sinnstilstanden min når eg byrja på November.