Hopp til hovedinnhold
Plakat for Nowhere Girl (2014)

Nowhere Girl

Film
2

Ein fyr slit etter dama gjorde slutt med han. Dei siste to månadane har han budd hjå eit vennepar. Han har ikkje gått ut døra på den tida. Nowhere Girl tar for seg eit vendepunkt i situasjonen hans, som er i ferd med å bli betre.

Nowhere Girl er ikkje det heilt store. Innpakninga til filmen er ikkje god nok til å skape ei god kjensle. At eg har sett noko liknande dette før hadde ikkje nødvendigvis betydd så mykje, hadde det ikkje vore for at den tafatte stilen til filmen framhevar dei typiske grepa.

Erik Yates på ZekeFilm (zekefilm.org) meiner også manuset manglar ei tydeleg retning og blir verande på overflata. Han finn meir å like i skodespelarane og musikken enn eg gjer, men opplever at dei lette romantiske grepa står i vegen for ei meir alvorleg historie. Det er nettopp den uavklarte forma eg slit med. Filmen vil vere fleire ting på ein gong, utan å gi meg nok grunn til å tru på nokon av dei.

Det er også noko med undervurderinga av publikummet. Den innbilte kvinna i raudt hår som fyren vår møter og blir forelska i er ikkje ei overraskande innbilning som filmen prøver å legge opp til. Men blir eit vonbrot i filmskaping. Og som bonuskritikk er også lydkvaliteten håplaus med vrengt lydt.