Nowhere to Run - Filmdagbok

Nowhere to Run 1993

Jean-Claude Van Damme er helten med kriminell bakgrunn i Nowhere to Run.

Under ein fangetransport rømmer Jean-Claude Van Damme, og endar opp nær ein liten gard. På garden bur ei åleinemor med to barn.

Jean-Claude Van Damme blir trekt inn i deira liv då ein gjeng med bøller prøver å skremme kvinna. Dette er eit ledd av ønske til ein stygg eigedomsutviklar om å kjøpe opp gardstomta.

I tillegg ligg kjærleiken og lurer under overflata etter kvart.

Nowhere to Run følger boka på omtrent alle punkt. At han er på rømmen må heimsøke han. At kvinna ikkje vil selje må bety eit press. At han kan slåst må bety at han blir vernaren. Og så vidare.

Sjølv om dette er ein film som i stor grad går i oppgåtte spor, har han små kvalitetar. Han bommar på ingen måte på det han prøver på, og eventuell kritikk vil vere mot at filmen er tvers gjennom plankekøyring.

Jean-Claude Van Damme i ei kombinert brutal og kjensleladd rolle er derimot artig, og ikkje på ein ufrivillig måte.