Nymph - Filmdagbok

Nymph 2009

Pen-Ek Ratanaruang er ein thailandsk regissør eg stifta nærare kjennskap med under Kosmorama i 2008 med Ploy, og likte så godt at eg raskt følgde opp med Ruang rak noi nid mahasan. Sidan den gang har eg ikkje gjort meir ut av filmografien hans, før eg no nyleg fekk ein impuls om å oppdage fleire asiatiske godbitar.

Nang mai, eller Nymph, handlar om det merkelege som skjer under og etter ein skogstur med eit ungt ektepar. Stemninga er guffen og filmen går nok litt under huda på meg på sitt verste. I motsetnad til tidlegare Pen-Ek Ratanaruang-filmar så blir eg ikkje engasjert av historia eller måten ho er fortalt på.

Utgangspunktet for å sjå filmen var perfekt, utan forstyrringar eller anna programfyll, men verken myte eller personar gjorde det største inntrykket.

Nymph er nære ved å vere ein god thriller, men brukar for lang tid på ingenting før det skjer noko av interesse.