
O Brother, Where Art Thou?
Med O Brother, Where Art Thou? bak meg er eg ajour med eit prosjekt eg har hatt halde på med i lengre tid no, nemleg å sjå alle filmane til Joel Coen og Ethan Coen. Grunnen er enkel, dei av filmane eg hadde sett før innspurten var gode og gav meg lyst til å sjå resten. Før innspurten desse siste dagane, hadde eg igjen fire av filmane.
O Brother, Where Art Thou? er basert på Odysseen av Homer. Det er eit klassisk verk eg aldri har lese. Historia har likevel blitt fortald på nytt i mange ulike versjonar, både i Donald Pocket og på film. Nok til at eg kjenner til grunntrekka i historia.
Her handlar det om tre fengselsfuglar på flukt i favorittmiljøet til regissørane, ein stad i sørstatane. Dei rømte er spelt av George Clooney, John Turturro og Tim Blake Nelson. Den litt komiske flukta deira er krydra av eventyrlege møter, god musikk og det resulterer i at O Brother, Where Art Thou? blir ein spelefilm av det fullkomne slaget.
Den teiknefilmaktige leiken blir framheva på The Weekly Backlog (theweeklybacklog.wordpress.com), der overdrivne prestasjonar, musikk og slapstick gjer reisa morosam, sjølv om skribenten saknar meir kjenslemessig djupn. Eg har mindre trong til å halde den lette forma mot filmen. Dei eventyrlege møta og den gode musikken er mykje av grunnen til at eg kosar meg så godt, og gjer flukta til meir enn berre vegen fram til eit mål.
Det er definitivt ein av dei betre filmane til brørne. Frå før var det vanskeleg nok å skilje ut ein favoritt i filmografien, det vart ikkje lettare no.
