O Brother, Where Art Thou? - Filmdagbok

O Brother, Where Art Thou? 2000

Med O Brother, Where Art Thou? bak meg er eg ajour med eit prosjekt eg har hatt halde på med i lengre tid no, nemleg å sjå alle filmane til Joel Coen og Ethan Coen. Grunnen er enkel, dei av filmane eg hadde sett før innspurten var gode og gav meg lyst til å sjå resten. Før innspurten desse siste dagane, hadde eg igjen fire av filmane.

O Brother, Where Art Thou? er basert på Odysseen av Homer, ei historie og eit klassisk verk eg aldri har lest, men som har vore gjenstand for attforteljingar i mange og eigne versjonar både i Donald Pocket og andre filmar. Nok til at eg kjenner til grunntrekka i historia.

Her handlar det om tre fengselsfuglar på flukt i favorittmiljøet til regissørane, ein stad i sørstatane. Dei rømte er spelt av George Clooney, John Turturro og Tim Blake Nelson. Den litt komiske flukta deira er krydra av eventyrlege møter, god musikk og det resulterer i at O Brother, Where Art Thou? blir ein spelefilm av det fullkomne slaget.

Det er definitivt ein av dei betre filmane til brørne. Frå før var det vanskeleg nok å skilje ut ein favoritt i filmografien, det vart ikkje lettare no.