Oblivion er ein storslått science fiction av typen eg sårt hadde behov for etter tallausem samtidige og tvilsame science fiction-filmar. Filmen tar seg tid til å fortelja ei historie utan å måtte rasere halve jordkloden.
Jordkloten er allereie rasert.
Oblivion med Tom Cruise og eit par unge, pene kvinner har ei handling som går føre seg nokon år inn i framtida. Ein kamp mot romvesen har utrydda det meste av liv, og Tom Cruise har ein einsam jobb som handverkar i eit post-apokalyptisk landskap. Jorda er fråflytta, men blir framleis brukt til utvinning av energi. Energiinstallasjonane blir verna av dronar mot scavs. Og Tom Cruise fiksar dronane.
Filmen har nok for seg. Han er rein og enkelt visuelt pen. Dette skapar distanse til det som har skjedd, og snevrar inn handlinga til det som skjer rundt Tom Cruise i notida til filmen. Eg får hint om at ting ikkje er som det framstår, og det ukjente blir gradvis avdekka på eit vis som held på interessa mi.
Men det romantiske utgangspunktet for handlinga er uinteressant. Karakteren til Tom Cruise er todimensjonal og bidrar med lite nytt. Og med ein gong filmen har sagt nok til at eg veit kva retning det tar, så veit eg kva som må skje.