Observe and Report - Filmdagbok

Observe and Report 2009

Observe and Report er ein sånn komedie eg ikkje treng fleire av. Det handlar om ei sikkerheitsvakt på eit kjøpesenter, og kampen hans for å bevise at han er dyktig. I beste fall kan det gå, men det går sjeldan bra.

Resultatet er ein film som ikkje klarar å skjule ei lite oppfinsamt handling, og som verkar som eit holete lappeteppe av halvgode spøkar. Seth Rogen har lenge vore ein halvfavoritt i eit blomstrande komediemiljø rundt mellom andre folk som Judd Apatow, men må no bevise at han ikkje berre har vore heldig. Observe and Report er ikkje verdt tida.