Hopp til hovedinnhold
Plakat for Obvious Child (2014)

Obvious Child

Film
4

Når eg les om uønska graviditet og komedie i same setning, så er det gjerne ein viss idé som dukkar opp. Men det var før eg så denne filmen med Jenny Slate i hovudrolla.

Obvious Child refererer til både den opplagte situasjonen til karakteren Donna Sterns (Jenny Slate), og til hennar eigen veremåte. Ho er komikar som har halde fast på ungdommen, og unngått å ta til seg realiteten i å bli vaksen. Alt dette møter ho no.

For å seie det som det er, Obvious Child er ein herleg film. Mykje takka vere Jenny Slate, men like mykje takka vere behandlinga av temaet. Uønska graviditet kan bli så mykje, og på film er kunsten å halde det realistisk samtidig som morosamt vanskeleg. Dette er ein publikumsvennleg film som eg ikkje får inntrykk av at har inngått kompromiss for å nå dit. Filmen er også dryg og dristig i språk og tone, og dette er eit gullkanta motstykke til den seriøse og vaksne greia som graviditeten er.

Tøff komedie, ektefølte karakterar, og Jenny Slate. Eg har lite meir å seie, men anbefaler denne varmt.

Det er interessant kor ulikt den same direkte tonen kan verke. Mark Ryall på Why Bother? (whybotherblog.wordpress.com) meiner Donna manglar både sjarm og komisk kraft, sjølv om han rosar forsøket på å utfordre den vanlege romantiske oppskrifta. For meg er Jenny Slate tvert imot ein stor del av grunnen til at filmen fungerer. Den ufine humoren gjer ikkje det alvorlege mindre truverdig, men gir personen eit liv utover situasjonen ho står i.