October Sky - Filmdagbok

October Sky 1999

Ei inspirerande forteljing om ungdommen Homer Hickam frå kollandsbyen Coalwood, som blir interessert i og vil bygge sin eigen rakett.

October Sky viser at med pågangsmot og ikkje minst innsats og arbeid så kan du komme langt. Hickam trassar dei negative røystene i heimbyen, og både vil og jobbar for å unngå og bli gruvearbeidar.

Det han gjer for seg sjølv og rakettinteressa si rører og engasjerer både vennene og landsbyen. Og det er nettopp dette poenget som er så fint med filmen. Å skape noko for deg sjølv er ikkje på rekning av andre, men ofte til glede for dei.